|
|
| |
|
|
|
Klosterflora frå Lesvos, Hellas |
Foredrag ved Ingar Pareliussen Universitet i Agder sitt studiesenter Metochi på øya Lesvos er utgangspunktet for ein tur rundt i ulik vegetasjon på øya Lesvos. Med utgangspunkt i plantene som er å finne i klostergarden tar vi sveip i området rundt klosteret og opp i høgda og ned på stranda. Litt smakebitar frå historie og kultur blir det og tid til. Ingar Pareliussen jobbar på Dronning Mauds Minne høgskule og arrangerer årlege skriveseminar ved klosteret for tilsette i universitet og høgskulesystemet.
Møtestart: klokka 19.00 Møtestad: NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6, Trondheim
|
ma, 06.02.2012
Trøndelagsavdelingen
|
|
Fjellvegetasjon og fjellflora i Ecuador |
Foredrag ved Olav Dahle Svanholm Misjonsrådgivar Olav Dahle Svanholm har budd ni år i Ecuador, og vil gi oss sine inntrykk av vegetasjon og flora i dei ecuadorianske fjella der skoggrensa ligg 3-4 gonger så høgt som i dei sørnorske fjella. Med bakgrunn frå Oppdal og røynsle frå botanisk feltarbeid på Svalbard kan Olav fortelje oss både om skilnader og likskap med tilsvarande vegetasjon under våre himmelstrøk.
Møtestart: ca. klokka 19.30 (etter årsmøtet) Møtestad: NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6, Trondheim
|
ma, 05.03.2012
Trøndelagsavdelingen
|
|
Årsmøte NBF-TLA |
Årsmøte for Norsk Botanisk forening, Trøndelagsavdelinga. Medlemmene får årsmøtedokumenta tilsendt på førehand.
Møtestart: klokka 19.00 Møtestad: NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6, Trondheim
|
ma, 05.03.2012
Trøndelagsavdelingen
|
|
Årsmøte i Buskerud Botaniske Forening |
Sted: Mjøndalen skole, personalrommet. Tid: Torsdag 8. mars 2012 kl.18.30.
|
to, 08.03.2012
Buskerud Botaniske Forening
|
|
Et utsnitt av fjellfloraen på Helgeland |
Foredrag ved Trond Kristoffersen Trond Kristoffersen er førstelektor ved HiST, avdeling Trondheim økonomiske høgskole der han bl.a. har ansvaret for den 3-årige revisorutdanninga. For oss i NBF er han mest kjent som plantefotografen bak boka ”Det blomstrende fjellet”. I foredraget vil han ta oss med til rike plantefjell nord og aust for Mosjøen i Vefsn kommune. Desse fjella ligg midt mellom hovudområda for dei ”sentriske” fjellplantene, men det hindrar ikkje at det veks mange interessante fjellplanter også her, kanskje fleire enn mange har trudd?
Møtestart: klokka 19.00 Møtestad: NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6, Trondheim
|
ma, 16.04.2012
Trøndelagsavdelingen
|
|
Kurs i levermoser torsdag 19. april |
Levermoser, kurs med Arne Pedersen på Rosthaug videregående skole på Åmot. Tidspunkt: kl.18.00. Servering av enkelt måltid. Påmelding til Kristin Bjartnes, epost: kristin.bjartnes@eikeli.vgs.no, mobil 909 52 045.
|
to, 19.04.2012
Buskerud Botaniske Forening
|
|
Gran Canaria - mer enn sol og strand |
Foredrag ved Thyra Solem Gran Canaria er ei vulkanøy med ein spesiell flora og mange endemiske artar. Thyra Solem, botanikar tilknytt NTNU Vitskapsmuseet, viser oss at denne øya har meir å by på enn det solhungrige og vintørste badegjestar vanlegvis får med seg.
Møtestart: klokka 19.00 Møtestad: NTNU Vitskapsmuseet, i auditoriet i Suhmhuset, Elvegata 6, Trondheim
|
ma, 07.05.2012
Trøndelagsavdelingen
|
|
|
|
| |